top of page

Vågstranda

Vågstranda - bygda mellom fjell og fjord. Ei langstrekt og vakkert beliggande bygd. Ikkje noko lokalsamfunn har så lang samanhengande  kontakt med Romsdalsfjorden som Vågstranda. Med fjorden i front, vakre Vågen i sin midte og fjella i rygg, har dei knappe 450 innbyggarane eit skaparverk dei har all grunn til å vere stolte av. Mange har etablert seg fritidsbustader i bygda; nyttar helg og andre fridagar til rekreasjon og avkobling i vakker natur. Vågstranda har barnehage og ein nærbutikk som gjer at folk kan handle lokalt, nytte seg av post og andre naudsynte tenester i eige nærområde. Bygda har dessutan eit svært oppegåande foreningsliv. Idrettslag og ungdomslag, til dømes, engasjerer både unge og eldre menneskje og gjer bygda til ein attraktiv stad å bu. Ungdomshus og nytt idrettshus er allereie på plass. Kunstgrasbane med flomlys likeså. Geografisk er Vågstranda, Indre Romsdal sin port mot resten av fylket. Ålesund og omland, den delen av fylket som har størst utviklande aktivitetar, ligg berre tre kvarters veg unna. I tillegg til kort veg til eksterne arbeidsplassar, kan bygda også by på stadig fleire eigne arbeidsplassar. Havbruk er i ei rivande utvikling der Vågstranda i høgste grad er med. 

Vågstranda VEL har fått hjelp til å lage en offisiell Vågstranda film. Vi har fått disse redigert i tre forskjellige lengder, til bruk i ulike sammenhenger. under finner du alle tre variantene. Du finner filmene også på YouTube.

Original versjon, 8 min 26 sekunder.

Ekstra kort versjon, 26 sekunder.

Kort versjon, 2 min 13 sekunder.

bottom of page